Peter Gordon

Peter Gordon

Gordon i 2012 Pop Conference i NYU
Fødd20. juni 1951 (73 år)
FødestadNew York City, USA
FødenamnPeter Laurence Gordon
OpphavUSA
AktivSidan 1970-åra
Instrumentklarinett, saksofon
Verka somKomponist, produsent, orkestrator
PrisarBessie Award, Obie Award

Peter Gordon (fødd 20. juni 1951) er ein amerikansk eksperimentell komponist og musikar, viss musikk har så ulike innverknader som jazz, opera, rock og verdsmusikk. Han har gitt ut fleire album, og har òg komponert film- og teatermusikk.

Gordon tok ein BA i komposisjon ved University of California i San Diego, der han studerte med Kenneth Gaburo og Roger Reynolds. Han tok ein MFA ved Mills College Center for Contemporary Music, der han studerte med Robert Ashley og Terry Riley.

I tillegg til sitt eige arbeid, og det med sitt Love of Life Orchestra, har han medverka på eller komponert musikk til album av Laurie Anderson, Suzanne Vega, David Johansen, Elliott Murphy, The Flying Lizards, David Van Tieghem, Lawrence Weiner og Arthur Russell.

I 2007 brukte James Murphy og Pat Mahoney frå LCD Soundsystem Gordon sine klassiske Downtown-låtar «Beginning of the Heartbreak» og «Don't Don't» til å opna og avslutta sin svært anerkjende dansemiks FabricLive.36.

I 2008 vart eit utdrag av operaen hans (med artisten Lawrence Weiner) «The Society Architect Ponders the Golden Gate Bridge» gitt ut på samlealbumet Crosstalk: American Speech Music (Bridge Records) produsert av Mendi + Keith Obadike. Gordon skreiv musikken til det serielle mysteriedramaet The Necklace, presentert av The Talking Band. Han jobba òg med musikken til Desperate Housewives.

I 2010 gav DFA Records ut remiksar av Gordon av «Beginning of the Heartbreak/Don't Don't» og «That Hat», skrive saman med Arthur Russell.

Peter Gordon er for tida busett i New York City, og er professor i musikkteknologi ved Bloomfield College.


Developed by StudentB